Om Aurlandsseminaret

Aurlandseminaret er eit initiativ til å skape ny utvikling i landbruket – ei stor utfordring som politikarar eller enkeltmenneske ikkje får til å løysa åleine.

Aurlandseminaret har som mål å bli ein arena for dialog. Her kan du vere med på å forme framtida for landbruket, og vi har ei stor tru på at alle har noko positivt å kome med på desse seminara. Du møter landbruket kvar dag om du er klar over det eller ikkje, så vi treng dine tankar og idear for forbetre det.

Aurlandseminaret har som formål å fremje handling og samarbeid. Heile landbruket treng ny livskraft, og det er derfor viktig å skape arenaer på tvers av faglag og driftsformer. Vi ynskjer at Aurlandsseminaret skal bli ein slik arena.

Aurlandseminaret er eit elevinitiativ.

Aurlandseminaret er ein oppfylgjar av Vossaseminaret og seinare Økoseminaret i Aurland. Dette er ein del av ei seminarrekke som strekker seg tilbake til 70-talet. Desse seminara har tidligere vore samlande for sentrale aktørar i økomiljøet.

Aurlandsseminaret skal vere en arena for landbruksinteresserte i alle aldrar.

Arrangørar for seminaret er elevane på Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) i samarbeid med Ressurssenteret ved SJH.

(Foto: Øvst – Alf M. Sollund, Nedst – Tor-Evert Johansen)