Om Campus Aurland
Campus Aurland – Grønt kompetansenettverk
er eit samarbeid mellom kompetansemiljø innan natur- og kultur i Aurland
Visjonen til nettverket er:
Campus Aurland skal vere ei drivkraft for samarbeid, utvikling, formidling og overføringav praktisk kunnskap om økologi, landskap og berekraft i kultur- og naturbaserte næringar.
Nettverket forpliktar seg til å arrangere eit årleg
seminar. Årets seminar går av stabelen i Aurland Idretts- og Samfunnshus kl 10-15 fredag 9. mars og temaet for dagen er “Ta bygda i bruk”. Klikk her for Program

I Aurland har det over lang tid vore ei brei satsing på å utvikle næringar med utgangspunkt i dei naturgjevne føresetnadane, tradisjonar og lokalkunnskap. Dette har gitt næringsutvikling i kommunen, og Aurland kan som følgje av dette vise til eit unikt praksisnært kompetansemiljø som vekkjer interesse langt utover regiongrensene. Folk er interesserte i å koma til Aurland for å lære.
På seminaret i mars skal vi arbeide med å finne svar på kvar vi står, kva har vi å tilby til omverda og kvar går vegen vidare i utviklinga av dei natur- og kulturbaserte næringane i Aurland. Det blir viktig å ta utgangspunkt i dei grunnleggjande verdiane våre og det som rører seg i vår tid i vidaste forstand. Til dette arbeidet har vi fått framifrå hjelparar. Det er førsteamanuensis Erling Krogh frå Universitetet for Miljø- og Biovitenskap på Ås og forskar Per Ingvar Haukeland frå Telemarksforsking i Bø. Program for seminaret vert lagt ut her så snart det er klart.
(Foto: Øvst – Tor-Evert Johansen, Nedst – Watershed Post)