Årets tema
Me vil ha Gard! - Unge inn i Landbruket
Aurlandsseminaret 10.-11.mars
I år skal vi saman diskutere fram løysingar kring dei unge sin veg inn i landbruket. Slik vi ser det fører det store fråfallet blant anna til:
- at matjord vert neglisjert gjennom forpakting
- nedsatt sjølvforsyningsgrad
- mindre bosetting på bygdene
- gjengroing av kulturlandskapet
- tap av den norske identiteten
Så kva gjer vi med det? Svaret på intrikate spørsmål kan ikkje løysast frå ein organisasjon, eit parti eller eit synspunkt. Vi må sjå på kva spørsmal vi delar på tvers av sprikande interesser. Verktøyet vi har funne fram til dette er kafédialog/Open Space. Les meir om dette her.
Målestokken for kor vellykka dette seminaret vert vil ligge i rørsla/handlinga som kjem i etterkant av dialogen vår.
I ein artikkel publisert i BT juni 2011 stod det at 400.000 nordmenn kunne tenkt seg å overta eit gardsbruk. Så kva skal til for at vi skal få fleire unge inn i landbruket? Det er i dag omlag 35.000 gardsbruk som står ledig rundt omkring i landet. Det blir viktig å identifisere hindringane for å kunne bli i stand til å foreslå tiltak.
Landbruket slit med rekruttering og det er ei samansatt problemstilling. På seminaret ynskjer vi å sette fokus på to hovudfelt som vi meinar skapar hindringar for unge som vil inn i landbruket:
- For det fyrste gjeld det dei lover og forskrifter som regulerar kjøp og sal av landbrukseigendommar. Slik dette vert praktisert i dag meiner vi det er til hinder for at garder blir forvatlta på ein fullverdig måte.
- Negativ innstilling frå mange bønder fører til at fleire ser dystert på utviklinga til landbruket. Derfor bør vi søke å fornye vårt syn på korleis den tradisjonelle familiegarden kan brukast. Vi skal se på to eksempel (sjå under foredragsholdarar) som driv alternativt og vi skal få innblikk i deira drift. Vi ynskjer å vise alle som er interessert i natur, mat og landbruk at på bygda er det utruleg med muligheitar. Vi ynskjer at folk skal sjå at landbruket kan ha ei større rolle i bygda og resten av samfunnet. Garden skal vere med å skape identiteten til bygda.
Målet er at seminaret skal ende opp i ei konkret handling, ei rørsle. Deltakarane skal føle at dei har vore med på å forandre norsk landbruk inn i ei positiv retning. I tillegg ynskjer vi å publisere ein kommentar som skal oppsummere kva vi har diskutert under seminaret.
Vi oppfordrar alle deltakarane til å sette seg inn i problemstilingane på førehand. Med dette formålet har vi lagt ved nokre linkar som kan gje ein grei introduksjon til situasjonen i dag, samt tankar kring alternative løysingar som kan vere aktuelt å ta med på dette seminaret. Ta med dine eigne erfaringar og tankar kring mat, jordbruk og levande bygder.
Vi vil ha deg med på diskusjonen fordi du kan mykje og er ein del av løysinga!
Vi har den gleden av å meddele at årets festmiddag vil foregå på fjorden, i mulm og mørke. Les mer her!

(Foto: Øverst – Bamble kommune, Nederst – Bernt Rostad)
