Aurlandsseminaret 2013

Aurlandsseminaert poster 1,1

Kom til Aurland helga 16.-17. mars, då vert årets Aurlandsseminar arrangert av elevane på Sogn Jord og Hagebruksskule. Vi trur at nordmenn ynskjer meir påverknad på kva vi et, enten vi er bønder eller forbrukarar. Difor samlast vi for å lære foredlingteknikkar, jobbe med råvarer og diskutere fremtida for eit berekraftig norsk landbruk. Vi gjentek suksessen frå i fjor – denne gongen med eit praktisk retta og enda meir spanande program.

Helga opnar med eit viktig overblikk. Fredag 15. mars dreg Oikos i samarbeid med SJH igang eit fagseminar med arbeidstittel «Eit nyskapande landbruk». Hit kjem blant anna Aksel Nærstad frå Utviklingsfondet og økobønde Ole-Jacob Christensen for å diskutere eit landbruk med meining, og det globale i det lokale.

Laurdag 16. mars kan du velja mellom ei rekke kurs: Matlaging med norske råvarer, gardsysting, tradisjonsbakst, garving av skinn, partering av kje, planteoppal og ei innføring i permakultur. Gjennom praktisk erfaring ynskjer vi å gje deltakarane ein del av den innsikta ein trenger for å ta råvarene i eigne hender. Kursa munnar ut i ein herleg festmiddag, laga på ressursar frå nærområdet. Måltida deler vi med Oikos – Økologisk Norge, som har sitt landsmøte i Aurland same helg.

Søndag blir det føredrag av Stine Karlsen fra Sakte-Alliansen om korleis ein lukkast som småskalaprodusent. Det blir også foredrag av Aksel Nærstad, som er seniorrådgiver i Utviklingsfondet, og aktuell med boka «Den unødvendige sulten». Til slutt samlar vi trådane i eit drømmeforum, der arrangørar og deltakarar presenterer og diskuterer sine eige prosjekter eller draumar.

Kom til Sogn Jord og Hagebruksskule og møt folka, lærdommen, engasjementet og maten du berre finn i Aurland!

Program, påmelding  og mer praktisk info finner du her

Delta på facebook: http://www.facebook.com/events/349340738498198/?ref=ts&fref=ts

Fagseminaret på fredag 15.mars krev eiga påmelding:
https://www.deltager.no/nyskapendelandbruk

Advertisements