Aurlandsseminaret 2014 – Kretsløpslandbruk

Aurlandsseminaret 2014 – Kretsløpslandbruk

Også i 2014 skal elevane og tilsette ved Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) arrangere Aurlandsseminar.

Tittelen for årets seminar er «KRETSLØPSLANDBRUK – Landbruk for framtida», og skal finne stad i perioden 7. mars (kl. 18:00) til 9. mars (kl. 13:00).

Seminaret vil by på mykje praktisk og teoretisk kunnskap og inspirasjon. For deg som vurderer å bli elev på SJH er dette eit fint høve til å bli bedre kjent med skulen. Omvising blir arrangert for interesserte.

Gode foredragshaldarar er alt på plass, sterke fagfolk som har tilbydd seg å koma til SJH for å gje oss dei same foredraga som mange fekk høyre av dei under ØkoOslo i haust http://www.okoslo.no/. Det er ei gave som vi har teke i mot med stor takk! Her er buketten som kjem andre helga i mars 🙂 – og tema for foredraga deira:

  • Vidar Rune Synnevåg – Økolog, arkitekt og bonde: «Visdomsperspektivet».
  • Emil Mohr – Debio: «Økologisk landbruk i samanheng med klima, miliø og ressursforvaltning».
  • Kristian Ormset – Vitalanalyse: «Sunn jord gir sunne planter, som gir sunne dyr og mennesker» – betydningen av levende matjord».
  • Grete Lene Serikstad – Bioforsk Økologisk: «Økologisk landbruk og matkvalitet».
  • Ove Jakobsen – Professor i økologisk økonomi: «Kretsløpsøkonomi».
  • Arvid Wold – bonde og økolog: «Økologisk landbruk under ein høgare himmel»

Du kan lesa kort om bakgrunnen til foredragshaldarane på denne sida

PROGRAM

Meir om praksisverkstadane

Seminaret kostar 750 kr inkludert mat, frå fredag kveld til lunsj søndag. Utgifter til overnatting kjem i tillegg, og du har valget mellom fleire alternativ med maks 10 min. gange frå SJH.

Påmelding til seminaret

Tips om korleis du reiser til Aurland

Informasjon om seminaret finn du også på heimesida til Sogn Jord- og Hagebruksskule:; Informasjon om Aurlandsseminaret 2014

Sjå også Hending på Facebooksida til Sogn Jord- og Hagebruksskule

Du er hjerteleg velkommen til Aurland 7.-9.mars!, og ta gjerne kontakt dersom noko er uklart!

sjh@sfj.no eller tlf 57632650

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s