Aurlandsseminaret 2015

Aurlandsseminaret 2015

Kor kjem maten frå?

Frå jorda, sjølvsagt.

Difor handlar Aurlandsseminaret 2015 om nett det – om jorda, kvifor den må ha liv under og gras oppå – og kvifor graset må ha beitedyr og kva vi menneske, bønder eller ikkje, skal gjere for å få mest og best mat og moro ut av alt dette.

Alt dette får du, på eitt seminar, i Aurland 18. – 21. mars.

Foredragshaldarar

hanne frosta
Hanne Frosta

Kokk med engasjement for lokal matkultur. Ho har drive restauranten Hanne på Høyden i 15 år, ein periode som no er over. Drivkrafta henner er å spreie lokal matstoltheit – ho er med andre ord den perfekte kokk for Aurlandsseminaret.

Øystein Haugerud
Øystein Haugerud

Fylkesagronom i Buskerud – fylket som jobbar for å bli eit økologisk føregangsfylke. Hjå fylkesmannen jobbar han med prosjektet Levende matjord. På Aurlandsseminaret vil han snakke om korleis majorda påverkar oss i foredraget Ta vare på matjorda – ta vare på deg sjølv.

Berit Swensen
Berit Swensen

Plantefysiolog og jordforskar. Fagleg leiar ved Vital analyse, ei ideell stifting som driv utprøvings- og utviklingsarbeid kring analyse av vitalkvalitet i jord, kompost og jordbruksprodukt. Forfattar av boka Et levende mangfold Om biodynamisk jord- og hagebruk. På Aurlandsseminaret skal ho snakke om jordbiologi.

anders kopstad
Anders Lerberg Kopstad

Biolog og gardbruk i Buskerud. Saman med familien driv han med sau, permakultur og målretta beitebruk etter Alan Savory sine hollistiske prinsipp. På Aurlandsseminaret vil han fortelje om nett dette.

Chriringnes klyvestoffer Ringnes Klyve

Leiar ved miljøvernavdelinga hjå Framtiden i Våre Hender. Han har tidlegare jobba i mellom anna Utviklingsfondet og Forum for miljø og utvikling. På Aurlandsseminaret vil han snakke om Framtiden i våre hender sin kjøttkutt-kampanje og korleis vi skal ete meir berekraftig.

348271_Anna_Haug2_None
Anna Haug

Professor i ernæringsfysiologi. Tilsett ved NMBU sidan 1990, og har arbeidd med korleis næringsinnhaldet i landbruksprodukt kan påverkast. Særleg har ho arbeidd med korleis vi kan auke innhaldet av de lange omega-3 feittsyrene i kyllingkjøt, og også seleninnhaldet i kjøt og jod i mjølk. På Aurlandsseminaret vil ho snakke om korleis kva dyra et påverkar oss og korleis sau kan bli ei rik omega 3-kjelde –dersom han får ete gras.

nat meadNathaniel Mead

Underviser i jord- og plantekultur ved Sogn jord- og hagebruksskule. Amerikanar og eventyrar som slo rot i Aurland. Driv kanskje Noregs beste kompostplass.

 


 Program

Onsdag 18. – Jorddagen

settelaukEtter ein varmande suppelunsj brukar vi denne dagen på matjorda vår. 2015 er FNs år for matjord, og det er nok å ta tak i: Visste du at det er fleire organismar i ei spiseskei matjord enn det er menneske på jorda? At vi berre kjenner til ein prosent av mikroorganismane som bur i jorda? At å kombinere rette sortar grønsaker med rette sortar mycchorizae-sopp kan femdoble avlinga? At det tar hundre år å danne ein centimeter matjord, men at vi likevel klarar å øydeleggje 3,7 tonn av den – per person – per år?

 

11.30 – 12.15 Lunsj og registrering
12.15 – 13.15

Ta vare på matjorda – ta vare på deg sjølv

Øystein Haugerud er fylkesagronom i Buskerud – økologisk foregangsfylke med prosjektet «Levende Matjord»

Kva er eigentleg jord? Kva betyr den for oss, og korleis står det til med matjorda vår, lokalt og globalt?

13.15 – 14.15

Kva kan jorda fortelje oss?

Lærar Nathaniel Mead og elevar frå VG3-klassen på SJH

I haust tok elevane spadeprøver av jorda kringom på skulegarden. I vinter har dei analysert prøvene. Kva kan funne deira sei om korleis ulike vekstar påverkar jorda? Korleis utviklar jorda og jordstruktet seg gjennom gangen i vekstskiftet?

Erfaringsbasert innlegg der vi ser på jordprofilar og diskuterer jordeigenskapar i kvart trinn av vekstskiftet på Sogn Jord- og Hagebruksskule.

14.15 – 14.30 Beinstrekk
14.30 – 15.30

Jorda treng liv!

Kva kjenneteiknar god matjord? Korleis vert den danna og kva skil den frå anna jord? Innlegget vil gje eit innblikk i biologien og økosystemet til matjorda.

Berit Swensen er plantefysiolog, jordforskar og forfattar av boka Et levende mangfold 

15.30 – 16.00 Oppsummering og vegen vidare

 Kveldsaktivitetar onsdag

måltidsoppleving Underdal onsdag 18 mars

18.00

Kafeen Krutt & Kanel sel middag på Aurlandsvangen. Inga påmelding.
19.00 Måltidsoppleving med tre retters middag i idylliske Undredal. Ost, kraftsuppe, kjerullade og dessert for kr 485,- per person. Klokka 19. Påmelding til aslettehaug@gmail.com
20.00 Visning av filmen Symphony of the Soil i Trudvang kin0


 

Torsdag 19. – Beitedagen

ThereseNoreg er stort sett gras. Skal vi produsere mat her oppe, er det mykje graset vi må ta utgangspunkt i. Men korleis skal vi få det til? Korleis skal vi få dyra ut av fjøset og inn i utmarka, korleis gjer vi det mest mogleg berekraftig? Kva skal til for å beite rett? Og har det noko å seie for oss, menneske, om dyra går inne eller ute om sumaren? Vi vert kva vi et, men kanskje vert vi òg det dyra vi et, et.

09.30 – 09.45 Kva skal vi med utmarka, ved Siri Helle
09.45 – 11.00 Fôrdyrking og beiteplanlegging med Holistic Management, ved Anders Lerberg Kopstad
11.00 – 11.30 Frå skogbrann til beiteland på Strilelandet, ved Terje Strandtun
11.30 – 12.15 Lunsj
12.15 – 13.00 Forbruk, kjøt og klima, ved Christoffer Ringnes Klyve
13.15 – 14.00 Du blir det dyret du et har ete, ved Anna Haug
14.00 – 14.30 Kaffipause
14.30 – 16.00

ca 16.00 – 16.30

Paneldebatt og samtale kring tema

Presentasjon av Eide økogrend, ved Magnar Eide

19.00 Festmiddag med underhaldning
Hanne Frosta og kokkelaget står for maten, med råvarer frå lokalmiljøet
Jens Brekke med vener underheld

 Fredag 20. – Kursdagen

sjh-ysteri-6Få stadar i Noreg bur det så mykje kunnskap om foredling av norske råvarer som på Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland. Fredagen er difor sett av til å suge til seg mest mogleg av denne kunnskapen. Her vert det valgets kvalar:

Du kan velje mellom kurs i kjøtforedling, økologisk blomedyrking, kompostering, mjølkesyregjæring av grønsaker, mjølkeforedling, baking med surdeig, grindbygging og smiearbeid. Les meir om kursa her.


Kveldsaktivitet fredag

fredag Ægir Bryggeri inviterer til smakskveld i Flåm: Øl i og til mat.

Kr 495,-. Påmelding til Flåmsbrygga på tlf 57 63 20 50.

 

 

 

 

 


 

 Laurdag: Open gardsbutikk, forteljarkurs, omvisning på førespurnad

Alle som lurer på om dei har ein økoagronom i magen, og om eit par år på Sogn Jord- og hagebruksskule kan vere noko for dei, er særskild velkomne denne dagen. Sei frå om du vil ha omvisning, så ordnar vi det.

Jorunn Barane held kurs i forteljarkunst – les meir om det her.

Gardsbutikken er open frå kl 11 – 15.

Praksisverkstadar

Fredag 20. mars tek vi i bruk alt Sogn jord- og hagebruksskule har og har hatt av lokaler og menneskeleg kompetanse. Hovudet er fullt, på tide å fylle hendene og resten av kroppen med praktisk kunnskap om matproduksjon og tradisjonshandverk.

Her er kursa du kan velge mellom:

frosta_liggandeKjøttforedling – masterclass

Visste du at gjæring av kjøt til speking går føre seg på akkurat same måte som i grønsaker – eller graset vi legg i siloen til dyra? På dette kurset lærer vi om gjæring av kjøt, men vi skal òg røyke kjøt og fisk, vi går gjennom smak i kjøt frå beitedyr og lærer oss å smake, sanse og føle rått kjøt sine kvalitetar og smak.

Magnhild Dyrdal har tatt vare på den gamle måten å fermentere og speke kjøt på. Ho ville fortsette med fermentering av kjøt i stamp og fekk lov til dette utover nittitalet då alle andre vart tvinga til å avslutte denne metoden.

Hanne Frosta leiar seminaret som vert i ein foredragsstil med demonstrasjonar og smakar.

smiaSmiing

Praktisk innføring i smiing. Det vert lagt opp til å lære seg å smi spikar, krokar og andre småting . Generelt om varmebehandling og enkelt verktøy til tømmerarbeid.

Ta med verneutstyr: Vernebriller, hanskar og høyrselsvern

Kurslærar: Kjetil Torvund er utdanna smed og driv Torvund Smijern & Beslag i Lavik i Ytre Sogn.

OEystein-Loevlie-Surdeigsbaking

Har du lyst å bake med surdeig, men syns det høyres vanskeleg ut? Det er det ikkje! På dette kurset får du opna alle løyndommane. Vi går gjennom korleis ein lagar startkultur til surdeig, økologiske mjøltypar, bakeevne, trong for fermentering, og baking i vedfyrt omn. Få kunnskapen til å sitte i hendene, etterpå er det berre å gå heim å øve.

Bakaren Øystein Løvlie er på plass og tek djupdykk på kjøkenet til Jorunn Heggdal i www.flamoppleving.no. Løvlie er gründer og starta Godt Brød i 1995, og driv no rådgjeving innan baking og lokalmatproduksjon.

mjølkesyregjæringMjølkesyregjæring av grønsaker

Det er ikkje rart at mjølkesyregjæring er i ferd med å bli den neste, store matmoten: Mjølkesyregjæring tek vare på det aller beste i grønsakene våre – smaken, konsistensen og næringsstoffa – og tilfører dei ein bakteriekultur fordøyingssystemet vårt elskar. Ikkje er det vanskeleg heller.

På dette kurset lærer du triksa av Nathaniel Mead, lærar ved Sogn Jord- og Hagebruksskule.

OLYMPUS DIGITAL CAMERAGrindverksbygging

Det er ikkje utan grunn at grindbygget har lange tradisjonar i Noreg: Eit grindbygg er ei solid og rimeleg bygg dei fleste kan lære seg å sette opp.

Her får du ei rask, praktisk innføring i korleis det gjerast av Thorvald Tokvam, faglærar i grindbygg ved Sogn Jord- og Hagebruksskule.

blomsterhagen_2Blomeproduksjon

Har du lyst å dyrke økologiske blomar i litt større skala? Dette kurset gjev ei innføring i viktige kulturar, jorda, dyrkingsmetodar, samt økonomi og marknadsføring.

Anja Bruland driv den økologiske blomehagen Abildsø, og er – enn så lenge – den einaste økologiske snittblomeprodusenten i Noreg.

Les meir om dette kurset her.

ysterietYsting

Korleis tek vi best vare på den fantastiske råvare mjølk? På dette kurset lærer du grunnleggjande teknikkar for mjølkeforedling: syrning og ysting av ferskost og yoghurt. På ettermiddagen vert det presentasjon av lokale ostar.

Inga Finck kjem frå Tyskland, gjekk ut får SJH i 2013, og har sidan jobba ved skulen. Ho var geitebudeie i Flåmsdal i 2013, og har ansvaret for ysteriet ved skulen.


Advertisements