Foredragshaldarar

 Mogens_LundMogens Lund

Mogens Lund er direktør for divisjonen for matproduksjon og samfunn i Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio). Han kjem frå Fyn i Danmark og har kandidatgrad i landbruksøkonomi frå Landbohøjskolen (KVL) i København i 1983. Han har også ein kandidatgrad i økonomistyring frå Copenhagen Business School i 1986. I 1987 fekk han doktorgraden sin innan landbruksøkonomi ved KVL. Mogens Lund byrja karriera si som forskar ved Statens Jordbrugsøkonomiske Institutt i 1983 og i perioda 1986-1994 var han adjunkt ved KVL. I 1987-1988 var han gjesteprofessor ved Oregon Universitet i USA. I åra 1994-2005 jobba Mogens Lund som seniorforskar og frå 2005 til 2012 var han forskningssjef ved Institutt for Fødevareøkonomi på Københavns Universitet. Frå januar 2014 til juni 2015 var han forskningsdirektør ved Norsk Institutt for Landbruksøkonomisk Forskning (NILF) i Oslo. Sidan juli 2015 har han vore divisjondirektør i Nibio på Ås.


Cathrine RøsselandBilde Einar 1 2015

Trendanalytikar og styremedlem i Oslo Kooperativ, Cathrine Røsseland, kjem for å snakke om oppstarten og utviklinga av Oslo Kooperativ og korleis kooperativet har vorte viktig både for bønder og byfolk. Cahtrine vil også kome inn på spennande lokale og internasjonale mattrender, og snakke om den viktige rolla bonden har i tida som kjem. Cathrine har dei siste åra før ho starta eiga firma jobba som kommunikasjonsrådgjevar. Ho har også vore praktikant på Bergsmyrene gård på Hurum for å lære meir om gardsdrift og økologi. I dag driv ho firmaet Nye Tendenser AS som jobbar med merkevarebygging og trender.

 

sigurdavdem Sigurd Avdem

Mjølkebonde og leiar i Norsk Gardsost. I 2005 sparka han og frua Åse Haugstad i gang «Avdem Gardsysteri». I dag leverar ysteriet produkt både til daglegvare-butikkar, spesialbutikkar og stadig fleire gourmetrestaurantar, samtidig som dei leverer både mjølk og kjøt til samvirka.

I foredraget «Avdem Gardsysteri – frå Bondens Marked til restaurant Noma og Avdemsbue» vil Sigurd snakke om sine erfaringar med korleis vegen mellom bonde og forbrukar har endra seg etter oppstarten for ti år sidan.

_VP27388_1600Hilde Rimereit

Hilde Rimereit har drive butikken Idunns Epler sidan mai 2012. Butikken sel økologiske dagleg-varer, lokale når det er mogleg. Idunns Epler er meint å fungere som eit øvingsfelt for ein ny måte å drive handel på, med nye tankar om økonomi. Tanken bak er at tida vi går inn i krever nye former for handel og ein ny økonomi. Forandring frå dagens konkurranse- og vekst-tenking til ei dreiing mot berekraft i alle ledd. Grunnlaget er verdiar som samarbeid, tillit og ansvar. Ei følge av drifta er til dømes at butikken nesten ikkje kastar noko mat. Det finst fleire butikkar som er tufta på det same tankegodset. Idunns Epler har funne grunnlaget for si drift i ein butikk i Belgia og en i Nederland. Butikkane drivast som eit øvingsfelt, vi vil vise at det er mulig å dra økonomien og forbruket i ei berekraftig retning. Vi kaller det Assosiativ økonomi.

Gunnar_bildeGunnar Vittersø

Gunnar Vittersø er seniorforskar ved Forbruksforskningsinstituttet SIFO. Han er utdanna samfunnsgeograf og har ein PhD frå Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi ved UiO. Avhandlinga tok for seg direkteomsetning av mat fra gardsutsal og Bondens Marked, og diskuterte både forbrukaren sin motivasjon for å handle direkte fra bonden og kva oppfatning han har av lokal mat.

Vittersø har tidligare arbeida ved forskningsprogrammet Prosjekt Alternativ Framtid (1993-95), og interessefeltet hans har spesielt vore berekraftig utvikling med vekt på produksjon og forbruk av mat, inkludert økologisk mat. Ved SIFO har han arbeida med berekraftig forbruk i vid forstand, blant anna korleis norske hushaldningar kan leggje om forbruket i  ei meir miljøvenleg retning.

Kjersti HelgelandKjersti Helgeland

Kjersti Helgeland er dagleg leiar for Dysterjordet andelslandbruk i Ås i Akershus. Dei hadde sin fyrste sesong i 2015, og Kjersti vil dele erfaringar, gleder og utfordringar frå oppstarten og fram til nå. I tillegg vil ho presantere prinsipp for andelslandbruk, internasjonal bakgrunn og status og utvikling i Noreg.

Kjersti tok agronomutdanninga på Sogn Jord- og Hagebruksskule for 20 år sidan. Ho har også utdanning bl. a. i biologi, pedagogikk, samfunnsplanlegging og strategisk leiing for berekraftig utvikling. Etter landbruksskulen jobba ho eit år på gard, så som lærar på Oslo Montessori ungdomsskole, Lokal Agenda 21 koordinator i Bydel Bjerke og spesialrådgjevar i Byrådsavdeling for miljø og samferdsel, Oslo kommune. Ved sida av jobben som dagleg leiar er ho sjølvstendig næringsdrivande konsulent og kurshaldar.

eva_de_moore_liten copyCecilie Dawes og Eva De Moor med Food Studio

Cecilie Dawes, grunnleggjar av Food Studio, skal gjennom si eiga matskaping seie noko om korleis vi møter framtidas forbrukarar. Eva de Moor, kreativ leiar, vil snakke om korleis vi arbeider for å skape opplevingar som overfører kunnskap på ein begeistrande måte.

Food Studio

Food Studio er ein uavhengig tenketank for matskaping i eit moderne og urbant perspektiv. Hovudverksemda er formidling av kunnskap og inspirasjon på alle nivå, frå forbrukar til bedrift. Food Studio byggjer kompetansenettverk, utviklar og formidlar kunnskap gjennom forsking, begeistring og opplevingar.

Eit langsiktig mål er å etablere eit uformelt akademi i form av et matskapingsprogram som skal verdsetje og mogleggjere praktisk erfaring, og ta hensyn til og finne kraft i individuelle skilnader. Målet er å utdanne folk som kan bli matentreprenørar og jobbe med alle aspekter av mat – frå landbruk til produktutvikling til salg – med matskaping, matempati og berekraft som grunnleggjande verdiar.

 

Olav Arnar Bø styret 2014Olav Arnar Bø

Olav Arnar Bø er styreleiar i Oikos, tidlegare rektor ved Sogn Jord- og Hagebruksskule og bonde på Vik. Saman med fire andre gardbrukarar i Vik kommune har Bø starta opp eit lite lokalt slakteri, vikja-kjøtt. Han har dei siste åra vore dagleg leiar på slakteriet. Samtidig er han ein brennande økopioner.

 

 

 

kongsgarden_aud copy

Aud Slettehaug

Master i merkevareleiing frå NHH som høgaste grad. Internasjonal utdanning og nettverk. Arbeida med lokalmat sia 1996 og arbeida med sal og marknadsføring i ei rekke bransjar, lengst med vintersport med sal av Åsnes Ski og kjenner dermed landet på kryss og tvers. Sia 2009 dagleg leiar for kompetansenavet Vest. Har vore marknadsleiar i Bondens marked Sogn og Fjordane sia 2005.

Marknadar er i stadige endringar, men mat skal vi alle ha i ei eller anna form. Du kan påverke mykje meir enn du trur! Marknadsmoglegheitene for lokalmat er uendeleg store no! Eg skal fortelje litt om kva DU med produkt, idear og ambisjonar skal gjere for å nå ut til DINE segment. Her vert det presentert nokre bitte små og nyttige verktøy du kan styre etter.

Advertisements